kontakt oss: post@stolslivet.no

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

GØISTRØE
GAUKLIA
2918 ULNES

 

 

 

Beskriving:

 Tradisjonell stølsdrift med geitmjølkproduksjon. Geitene blir mjølka to gonger pr dag og går elles på utmarksbeite både natt og dag.

Vi har open støl for turistar kvar onsdag. Då ystar vi geitost og serverer stølskost. Denne dagen går geitene på inngjerd beite, slik at besøkande kan klappe og kose med dei.

Vi har og høner, kaninar, hundar og katt.

I ein lun solbakke ligg ein liten fjellhage med urter, potet,jordbær, grønsaker og blomar.

Vi sel kjeskinn, brun geitost, egg og yoghurt frå eigen produksjon.

I trøa ligg eit kokehus, fjøs, sel, vedskåle, hønehus og kårsel.

Kårselet/hytta leier vi ut, med frokost!

Ta gjerne ei overnatting og opplev stølslivet på nært hald!

Kårselet/hytta har 4 sengeplassar, kjøkenkrok, vedfyring, kaldt vatn frå krana ute og utedo!


 

 

Åpent:
Onsdag 13.juli, 20.juli og 27.juli kl 10.30 til 15.30.

Andre dager etter avtale.

 

 

 

 

Vegbeskriving:

 Frå E16: alt 1:

Ta av på Leira mot Gol, riksveg 51. Køyr til Tisleidalen, ca 18 km frå Leira. Ta av ved Fjellbu Landhandel (Joker) mot Tisleivegen. Følg skilting mot Gauklia, ca 15 km frå Jokerbutikken. Køyretid for dette alternativet er ca 40 min frå Leira til Gauklia.

 

Frå E16: alt 2:

Ta av i Ulnes mot Panoramavegen og Vaset, ca 10 km. Køyr mot Gomobu v/Vaset hestesenter. Følg skilting til Gauklia, ca 12 km frå Vaset. Køyretid for dette alternativet er ca 30 min frå Ulnes til Gauklia.

 

Frå Gol:

Ta av på Gol mot Leira, riksveg 51. Køyr ca 13 km og følg vidare skilting mot bl.a Oset hotell. Etter Oset køyrer du vidare mot Furuset med skilting til Gauklia. Køyretid frå Gol til Gauklia er ca 40 min.
*Sjå KART*

 

 

 

Velkomen til ein levande støl med folk og dyr, ysting og traktering!

Her er det leik og moro, eller ein kvil i solveggen.

Kaninen vil ha gras og kos, og katten ein klapp på ryggen.

Gå barbeint i graset hjå geitene og drøym deg tilbake til gamal tid. Kanskje var det slik det kjendest å vera gjetar for 200 år sidan?

Titt innom kjøkenhagen, lukt på blomane og nyt utsikta!

Ta gjerne URTEKURS i sumar på stølen vår!

Velkomne!

                                                 

 

 

 

 

       SJÅ ALBUM HER!   


 

 

 

Budeie:
Marit Espeset
Mob: 90856808

 


Åpent  onsdag 13.juli, 20.juli og 27.juli   frå kl 10.30 - 15.30. Andre dager etter avtale.

 

 

Servering
Ysting
URTEKURS
Overnatting i kårsel:

3-4 sengeplasser
eller prøv å sove i høyet!

 

 

Opplev stølslivet © 2011